Bikuben (2. høgda i foajeen)
På vekedagar er det Lunsj & Lyrikk i Bikuben, Servering av smørbrød og heimelaga kaker frå kl. 11:30–13:00. Klokka 12.00 er det framføring av lyrikk, som regel ved ein av skodespelarane ved teateret.
http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/lunsj-og-lyrikk/
Om ettermiddagen er Bikuben open for enkel matservering og sal av drikke i samband med framsyningane. Her kan du også bestille drikke og snacks til pausen.
Sjå fullt program på Det Norske Teatret.
http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/
Om fredagane etter siste framsyning er det Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ei av framsyningane våre. Baren er open! Billett 100,-
http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/bikubekveld/
Utanom dei faste arrangementa leiger vi ut Bikuben til frukostmøte, seminar og andre lukka arrangement. For utleige, ta kontakt med restaurant@kafelove.no (tel. 22 47 38 94).