Løve

Velkommen som du er

Måndag

Stengt

Tys - Fre

16:00-00:30 (20:00)

Laurdag

16:00-00:30 (22:00)

Søndag

2 timar før framsyning

(Kjøkkenets stengetid)

MAT, TEATER OG KUNST

Kombiner besøket ditt med framsyning på Det Norske Teatret

Kafé Løve skal vera ei samanveving av inntrykk for deg som liker god mat og spennande teateropplevingar. Nyt den teaterinspirerte menyen vår saman med menneske du er glad i før framsyninga, eller ta det på sparket med ein teaterplanke etter framsyninga. For oss finst det ingen betre kombinasjon enn god mat og teaterkunst, og hos Kafe Løve får du begge på same stad.

Kafe Løve

Varierte opplevingar for store og små

Mat og drikke

Prøv teatermenyen vår, teaterplanke eller andre spennande retter frå vår À la carte-meny. Skandinavisk *cuisine med franske og internasjonale matteknikkar. Blir alltid kombinert med vinar som passar til varer som blir brukte i kvar rett. Servitørane våre kan alltid tilrå noko spennande.

Lunsj og lyrikk

Ein skodespelar eller kunstnar les eller syng kjende musikk- og litteraturverk. Ei intim kulturoppleving medan ein nyt kaffi og ein liten matbit. Me kallar det ein intimlunjsj med kunstoppleving, midt på dagen, kvar vekedag. Les meir her.

Lokale råvarer

Me lagar maten vår med norske råvarer. Sjømat, villreker eller villkveite: alt me kan få tak i av gode norske råvarer. Vår chef  bruker det han kan få tak i og lagar retter på dagen som passar med råvarene. Me kan alltid tilrå dagens fisk og kjøtt. Menyen vår skal vera dynamisk med dei ferkeste og beste råvarer.

Rullestolvennleg

Alle serveringsfasilitetane våre er tilgjengeleg for rullestol. Les meir om framkomst i Det Norske Teatret her.

Bikuben

Bikuben finn du i 2. høgda ved Hovudscenen. Her får du kjøpt enkel mat, drikke og snacks. Ein hyggeleg møteplass før du skal på framsyning.

Foajebaren

Foajébaren finn du rett innanfor dørene på Det Norske Teatret. Han er open før framsyningane om kvelden med servering av drikke og snacks.

Bankett

Tekst kommer

{

Frå lunsj til sein kveld finn du ein omfangsrik meny med kontinentale smørbrød, fransk brasseri og grunnsolid à la carte. Om du kombinerer framsyning i Det Norske Teatret med å dela eit måltid eller eit glas etterpå, er du garantert kvalitetstid med følgjet ditt.

Melita Dos Santos BOM

Restaurantsjef